Raudnebbterne

Raudnebbterne er ein fugl i ternefamilien.

Raudnebbterne

Raudnebbterne
Utbreiing og status
Status i verda:Livskraftig
Utbreiinga av Raudnebbterne
Systematikk
Rike: DyrAnimalia
Rekkje: RyggstrengdyrChordata
Underrekkje: VirveldyrVertebrata
Klasse: FuglarAves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglarCharadriiformes
Familie: TernefamilienSternidae
Slekt: Sterna
Art: RaudnebbterneS. paradisaea
Vitskapleg namn
Sterna paradisaea

. . . Raudnebbterne . . .

Raudnebbterna er ei smekker, langvenga terne med lang stjert. Fuglen vert 33–39 cm lang. Av dette utgjer stjerten 7–11,5 cm. Vengespennet er 66–77 cm og vekta drygt 100 gram. Stjerten er kløyvd inn til minst halve lengda og når utom vengespissane på ein ståande fugl. Feltkjenneteikna som best skil arten frå den snarlike makrellterna er kortare nebb, hals og hovud (som også er rundare), i tillegg til lengre stjert og mykje kortare bein. Desse er knapt synlege når fuglen står. Desse proporsjonane gjer at vengane ser ut til å sitte framfor midten på ein flygande fugl, mot midt på for makrellterna. Den vaksne fuglen har i hekkedrakt heilsvart isse, blodraude føter og ein nebb heilt utan svart spiss, som makrellterna har. Nedre delen av strupen, liksom halsen og buken, er lyst gråkvit. Når lyset er godt ser ein dette i kontrast til øvre delen av strupen, som liksom kinna er kvit. Vengane er jamt lysgrå på oversida, og alle svingfjørene er kvite og gjennomskinlege når ein ser fuglen frå undersida. Handsvingfjørene har ein liten svart spiss lengst ute. Dette gir den ytre vengebakkanten ein distinkt smal svart strek. I vinterdrakt har dei vaksne fuglane svart nebb og gråsvarte bein. Den heilsvarte issen frå sommartida er til dels borte, og fuglen har kvit panne, medan issen og nakken framleis er svarte. Det svarte feltet strekker seg fram over auga. Kinn, strupe, bryst og underside er kvite. Ungfuglen har i den første drakta lyseraude bein, oransje undernebb og gråsvart overnebb. Han er svart i nakken og lys med snev av beige framme i panna. Strupe, bryst og underside er kvite. I flukt ser ein den distinkte svarte bakkanten på både over- og undersida av handsvingfjørene, medan armsvingfjørene er kvite liksom stjert og overgump. Fuglen har nokre små gule innslag på vengeoversida. I august-september mørknar nebben til å verte heilsvart og nesten alt det gule bleiknar vekk frå fjørdrakta. Raudnebbternene kan ofte sjåast i flokkar på kring ti fuglar som flyg rett over bylgjekammane.

Arten har ei sirkumpolar utbreiing i den nordlege tempererte og kalde sonen. Hekkeområdet strekker seg gjennom nordlege delar av Eurasia og Nord-Amerika via Grønland og Island til Svalbard. I Europa held fuglane seg i kystområde sør til dei britiske øyane, derifrå austover gjennom Nederland, Tyskland og Danmark til austersjølanda, unnateke Latvia, Litauen og Polen. Arten har vore i tilbakegang i sørvestre delar av Europa i seinare år.

I Noreg hekkar fuglen vanleg langs kysten frå nordlege delar av Rogaland til Finnmark. I Nord-Noreg er fuglane også vanleg utbreidd i innlandet, der dei også kan treffast til fjells. I sørvest hekkar fuglane spreidd og fåtalig sørover til Lindesnes. Etter kvart har dei også etablert seg i ytre delar av Oslofjorden. På kysten langs Skagerrak hekkar fuglane sjeldan. Raudnebbterna er sterkare knytt til ytre kysttrakter enn makrellterna, men er også betre tilpassa til å jakte på insekt i indre fjellvatn enn denne. I Sør-Noreg hekkar fuglane sjeldnare i innlandet enn nordpå, og er først og fremst avgrensa til eit område som strekker seg frå nordlege delar av Buskerud gjennom Oppland og Hedmark til Femundsmarka og vidare nordover mot Trøndelag. Truleg hekkar fuglen i sjeldne tilfelle i låglandet på Austlandet. Den norske hekkebestanden er vurdert til 40 000 par. Talet er svært usikkert. Dette kjem av at arten er vanskeleg å skilje frå makrellterna, at talet svingar og at fuglane ofte skiftar hekkeplassar. Spesielt nordpå, der arten finst vanlegast, kan det gå fleire år mellom kvar gong hekkinga er vellukka.

. . . Raudnebbterne . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Raudnebbterne . . .

Previous post D’yer Mak’er
Next post Jesidismen