Øresundbrua

Øresundbrua er ei bru i eit motorveg– og jarnbanesamband som kryssar Øresund mellom Danmark og Sverige, og bind saman områda rundt København i Danmark og Malmö i Sverige. Sambandet er sett saman av ei lang høgbru og ein undervasstunnel. Det går undersjøiske senketunnellar for motorvegen og den dobbeltspora jarnbanen frå ei kunstig oppbygd halvøy ut frå øya Amager i Danmark og fram til ei kunstig øy i Øresund, Peberholm, der tunnelane kjem opp i dagen. Herfrå går jarnbanen opp på det undre av dei to nivåa på Øresundbrua, medan motorvegen går opp på det øvre nivået. Denne brua er den lengste kombinerte veg- og jarnbanebrua i Europa, og den lengste i verda som kryssar landegrenser. Ho er både konstruert, bygd og eigd som eit privat føretak.[1] Det er Øresund jarnbanelinje og den internasjonale vegen, europavegen E20, som går gjennom tunellen og over brua.

Øresundbrua
Øresundsbron
Type road–rail bridge, skråkabelbru, multi-level bridge, internasjonal bru
Stad KøbenhavnMalmö
DanmarkSverige
Opna 2. juli2000
Strekning E20 – 4 felt
Lengd 7 845 meter
Høgd 204 meter
Største spenn 490 m
Breidd 23,5 m
Kryssar Øresund
Materiale stål
Utforming Skråstagsbru og undervasstunnel
Transporterer Biltrafikk
Jarnbanetog

Øresundbrua
55°34′35″ N12°49′18″ E
Øresundbrua
Satellittfoto av Øresundbrua.
Sett frå Øresund

. . . Øresundbrua . . .

I Sverige og Danmark blir brua referert til som høvesvis Öresundsbron og Øresundsbroen. Bruselskapet sjølv insisterer på at namnet skal vere Øresundsbron, som er å sjå på som eit varemerke for sambandet og føretaket som eig det. Ved å nytte ein skrivemåte med danskØ som fyrste bokstav i namnet istaden for den svenskeÖ, og ei svensk ending i form av –bron i staden for den danske –broen, vart det laga eit kompromiss som skulle symbolisere den kulturelle identiteten tvers over landegrensa som brusambandet var meint å kunne framelska ved å legge tilhøva til rette for ein dansk-svensk storbyregion København-Malmö. Men ettersom sambandet eigentleg ikkje berre er ei bru, men òg ein tunnel, er det teknisk sett meir korrekt å kalle det Øresundsambandet, på dansk Øresundsforbindelsen, på svensk: Öresundsförbindelsen. The Sound Bridge er den engelske varianten av namnet.

Bygginga tok til i 1995, og den siste delen av prosjektet blei avslutta den 14. august1999. Kronprins Frederik til Danmark og kronprinsesse Victoria av Sverige møttest midt på for å feire ferdigstillinga av prosjektet. Den offisielle opninga fann stad den 1. juli2000, med dronning Margrete II av Danmark og kong Carl XVI Gustaf av Sverige. Brua opna for trafikk seinare den dagen. Før opninga deltok 79 871 løparar i eit halvmaraton (Broloppet, bruløpet) frå Amager i Danmark til Skåne i Sverige den 12. juni 2000. Brua var ferdigstilt tre månader før tida.

I byrjinga vart ikkje biltrafikken over brua så stor som venta, og ein trudde årsaka til dette var at bompengane for å kryssa brua vart for høge for mange. Men i 2005 og 2006 auka trafikken kraftig, og dette trur ein skjedde fordi det var så mykje dyrare å bu i Danmark enn i Sverige at danskar såg seg tent med å flytte til Sverige og pendla til jobb i Danmark.

I 2008 kosta det 260 DKK, 325 SEK eller 36 EUR for å køyre over brua med personbil, men ein kan få rabatt på opp til 75 % om ein reiser ofte. I 2007 reiste om lag 25 millionar over brua, 15,2 millionar i bilar og bussar, og 9,6 millionar med tog.

. . . Øresundbrua . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Øresundbrua . . .

Previous post John Klemmer
Next post James Newman