
Ølbolle
Ein ølbolle er eit halvkule- eller skålforma drikkekar av tre. Bollen plar vere svarva i tre med utskoren eller måla dekor. I nokre delar av Noreg har ølbollane gjerne vore rosemåla, i andre delar av landet har det vore vanlegare med marmorering eller annan dekor.




På musea finst ølbollar som er fire hundre år gamle eller meir. Ølbollen var i alminneleg bruk i Noreg til mot slutten av 1800-talet. Ølbollar finst i mange storleikar, eit par liter er eit alminneleg mål, men det har funnest ølbollar med et tverrmål opp mot meteren. Til dei største ølbollane høyrde skaftauser til å ause ølet opp i mindre bollar. Alminnelege ølbollar vart fylte med øl og gjerne sende rundt bordet.
. . . Ølbolle . . .
Dei fleste ølbollar er svarva, dreia eller skore av eitt stykke tre, men det finst også seinare typar i keramikk. Nokre bollar var laga av kåter (kuleforma utvekst eller knute på tre) og kunne få ei form som var tilpassa korleis emnet var forma. Trebollar har vore brukt både til matlaging, til å eta graut og suppe frå og til ulike typar drikke. Det kan i nokre høve vera vanskeleg å skilja ølbollar frå andre bollar og skåler. Ølbollane har gjerne måla og/eller skoren dekor, og dei har ofte inskripsjonar med namn, eigarinitialar og årstal rundt kanten.
Små bollar meinte for ein person er gjerne kalla einskilsbolle eller einskilskopp. Bollar med to flate hankar blei gjerne kalla vangar, vengeskål eller vengebolle, medan dei med fire blei kalla snippebolle eller snippeskål. Bollar med hol i midten blei kalla varaskål, åbryskål eller nopebolle. Nokre av bollane hadde fleire kar, som tvilling- og trillingbollar.
Det er funne bollar og skåler av tre i fleire arkeologiske utgravinger i Noreg. Ein bolle av bjørk frå Høstadfunnet på Byneset i Sør-Trøndelag er datert til ca. 800 f.Kr. Bollen er ikkje dreia, men skoren i bjørk. Han har stett og ein skoren meanderbord rundt kanten. Bollen har ei form som er svært lik nyare ølbollar, og kan vera eit teikn på at bollar blei brukt til rituelle drikkeseremonier allereie i bronsealderen.[1] Eit jernalderfunn i Gloppen i Nordfjord har også klare trekk som ein finn igjen på nyare ølbollar.[2] I norrøn tid og mellomalderen var det vanleg med bollar og skåler av tre, og gjennom sogelitteratur og biletstoff frå mellomalderen ser ein at folk drakk av dei. I tida etter reformasjonen var bollar av tre truleg dei vanlegaste drikkekara både i by- og bygdemiljø i Noreg.
. . . Ølbolle . . .