Musikkgruppa Egg

Egg var eit engelskprogressivt rockeband skipa i juli 1968.[1]

Egg
Opphav London i England
Aktiv 19681972, 1974
Sjanger Progressiv rock, Canterbury scene, kunstrock, jazzfusion
Tilknytte artistar Uriel
Plateselskap Deram, Caroline
Tidlegare medlemmer Dave Stewart
Mont Campbell
Clive Brooks

. . . Musikkgruppa Egg . . .

Dei grunnleggjande medlemmane i Egg var Dave Stewart på orgel, Mont Campbell på bass og vokal, og trommeslagaren Clive Brooks.[1] Bandet vart skipa av tidlegare medlemmar frå Uriel, dei andre medlemmane var gitaristen Steve Hillage.[1] Etter Hillage slutta i Uriel i august 1968 fortsette dei tre andre som ein trio. Dei fekk ein avtale med styret for klubben Middle Earth og vart tilrådd å skifte namn til Egg, sidan Uriel «høyrdest for likt ut ‘urinal’». I midten av 1969 sikra bandet seg ein avtale med den progressive etiketten til Decca, Deram og gav ut debutalbumet sitt i mars 1970.[1] Det selde dårleg, men vart godt nok motteke til at selskapet finansierte ein oppfølgjar, men då albumet skulle ut, skrinla selskapet det fram til produsenten Neil Slaven klarte å overtale selskapet om å gje det ut. The Polite Force kom ut i februar 1971.[1] Dei hadde no same managerar som The Groundhogs og runda av året med stadig fleire konsertar, men trass i at dei hadde nok songar til eit tredje album, fekk dei ikkje ny platekontrakt, og vart oppløyst i juli 1972.

I 1974 fekk Stewart, som hadde signert kontrakt med Virgin som medlem av Hatfield and the North, ein avtale for Egg om å spele inn dei nye songane deira, og det førte til eit siste album, The Civil Surface.[1]

I desember 2007 var utvalte konsertopptak mellom 1969 og 1972, kalla The Metronomical Society, gjeve ut.

Egg vert ofte rekna som ein del av Canterbury scene, ei omtrentleg samling av progressive og psykedeliske musikarar. Som regel kjem det av at Stewart var medlem i banda Hatfield and the North og National Health, sjølv om Egg ikkje hadde noko geografisk tilknyting til Canterbury. Musikken deira kan skildrast som progressiv rock med element av psykedelia og kammerrock. Dei brukte uvnlege taktarrtar, på songar som «Seven Is A Jolly Good Time». Dei hadde òg eit element av humor i musikken sin. Mont Campbell, som var den fremste komponisten i bandet, har sagt han var sterkt inspirert av Igor Stravinsky, som gjorde at han skapte verk i fleire suitar, som «Symphony n°2» og «Long Piece n°3».

. . . Musikkgruppa Egg . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Musikkgruppa Egg . . .

Previous post Guitar Slim
Next post Argentinsk litteratur