Lou Marini

«Blue» Lou Marini, Jr. (fødd 13. mai 1945) er ein amerikansksaksofonist, arrangør og komponist. Han er kjend for arbeid innan jazz, rock, blues og soul, og var eit av dei originale medlemmane i Blues Brothers, og var dermed med i den særs suksessrike filmen frå 1980.

Lou Marini

Lou Marini ved Hamar musikkfestival i 2007
Fødd 13. mai1945 (76 år)
Fødestad Navarre i Ohio i USA
Fødenamn Louis E. Marini Jr.
Alias Blue Lou
Opphav USA
Aktiv 1960 til i dag
Sjanger jazz, jazzrock, rock
Instrument Saksofon, klarinett, fløyte
Tilknytte artistar Blood, Sweat and Tears,
Buddy Rich Band,
Woody Herman Orchestra
Saturday Night Live Band,
The Blues Brothers,
James Taylor Band
Steely Dan,
Frank Zappa,
Magic City Jazz Orchestra
Verka som komponist, klarinettist, saksofonist, jazzmusikar, musikkprodusent, filmmusikkomponist, musikar

. . . Lou Marini . . .

Marini gjekk på Fairless High School i Navarre i Ohio. Faren, Lou Marini sr., var bandleiar ved Fairless og skreiv den offisielle songen til skulen, «Alma Mater». Kvart år gjev Fairless High still nokon Lou Marini Award til ære for faren.

Lou Jr. gjekk på University of North Texas, der han spelte i det kjende One O’Clock Lab Band. Då han var ferdig som student byrja han karrieren som profesjonell musikarar og vart etter kvart medlem av Blood, Sweat and Tears. Han var medlem av husbandet til Saturday Night Live frå 1975 til 1983 og spelte i filmen The Blues Brothers og i oppfølgjaren, Blues Brothers 2000, der han spelte rolla som «Blue Lou» (eit namn han fekk av Dan Aykroyd). Han spelte òg på Frank Zappa-albumet Zappa in New York i 1977 og arbeidde med mange andre artistar som Dionne Warwick, Maureen McGovern, Deodato, Steely Dan, James Taylor, Aerosmith, the Buddy Rich Big Band og the Woody Herman Orchestra.

Venstre til høgre: Lou Marini, Ray Reach og Ernie Stires ved Carnegie Hall etter ein konsert med musikken til Trey Anastasio og Ernie Stires, 2004.

. . . Lou Marini . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Lou Marini . . .

Previous post Stefan-Boltzmann-lova
Next post Katarina av Aragón