Katarina av Aragón

Katarina av Aragón (på spansk Catalina de Aragón, på engelsk Catherine of Aragon, 16. desember 14857. januar 1536) var ei spansk prinsesse og engelsk dronning. Ho var den fyrste kona til kong Henrik VIII av England.

Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask

Katarina av Aragón
Fødd Catalina de Aragon y Castilla
16. desember1485
Alcalá de Henares
Død 7. januar1536
Kimbolton Castle
Tittel ambassadør
Alle titlar Princess of Wales, infante av Aragón, kongegemalinne
Hus eller slekt Huset Trastámara, Huset Tudor
Gravstad Peterborough Cathedral
Land Spania
Mor Isabella av Castilla
Far Ferdinand II av Aragón
Ektefelle Henrik VIII av England, Arthur, fyrste av Wales
Barn Maria I av England, Henrik, Hertug av Cornwall, Henry, Duke of Cornwall (1514), Henry, Duke of Cornwall (1513), stillborn daughter Tudor (1510), stillborn daughter Tudor (1518)

Etter at Katarina hadde vore gift i over 20 år utan å føda ein mannleg arving for Henrik, ville kongen ha ekteskapet annullert. Henrik var dessutan blitt forelska i ei ung hoffdame, Anne Boleyn. Paven nekta å tillata ei slik annulleringa, noko som førte til ein kjedereaksjon av hendingar som enda med at Henrik braut med Den heilage stolen og såleis innførte reformasjonen i England. Som overhovud for Den engelske kyrkja sørgde han for at kyrkja erklærte det fyrste ekteskapet hans ugyldig, slik at han kunne gifta seg opp att med Anne Boleyn.

Til skilnad frå fleire av dei seinare konene hans, levde Katarina i fleire år etter at ekteskapet formelt vart oppløyst. Ho budde livet ut i England.

. . . Katarina av Aragón . . .

Katarina som ung enke, måla av hoffmålaren til Henrik VII, Michel Sittow, ca. 1502.

Katarina vart fødd i Alcalá de Henares i 1485 og var det yngste overlevande barnet av Ferdinand II av Aragón og Isabella I av Castilla.

Katarina vart gift med prins Arthur, den eldste sonen til kong Henrik VII av England, den 14. november 1501. Som prins av Wales vart Arthur sendt til Ludlow Castle på grensa av Wales for å ha forsete i den walisiske rådsforsamlinga, og Katarina følgde han. Nokre få månader seinare vart dei begge sjuke, kanskje på grunn av den engelske svettepesten som herja området. Katarina heldt sjølv på å døy, men kom igjen seg og var då enke. Ho måtte venta ein månad for å sjå om ho var gravid med Arthurs barn og gav deretter vitnemål på at ekteskapet, på grunn av den unge alderen til paret, aldri vart fullbyrda. Pave Julius II gav deretter ein dispensasjon som tillét at Katarina kunne forlovast med den yngre broren til Arthur, den framtidige kongen Henrik VIII av England.

Det har vore diskutert ein del om Katarinas ekteskap med Arthur verkeleg vart fullbyrda.

Det har vorte sagt at Katarina av Aragón fekk anlagt vegen ‘Aragon Road’ i landsbyen Great Leighs i Chelmsford, og det vart òg sagt at ho levde ei tid i Windsor-huset ved vegen.

Bryllaupet skjedde ikkje før etter at Henrik overtok trona i 1509, og dei vart gift den 11. juni og følgd av kroninga den 24. juni 1509. Både som prinsesse av Wales og som dronning av England var Katarina særs populær hos folk flest. Då Henrik invaderte Frankrike i 1513 var ho regent av England.

Portrett av 18 år gamle Henrik VIII etter hans kroning i 1509.

Truleg gifta Henrik seg med Katarina etter ønsket til den døyande faren sin, og var sjølv tilfreds med å gifta seg med henne (til trass for høglydt krangel med far hennar om betaling av medgifta). I 18 år syntest han vera nøgd med ekteskapet, om enn ikkje trufast, heilt til han vart seriøst uroa for at han ikkje hadde ein mannleg arving til trona si då ho nådde menopause.

I 1510 kom nevøen til Katarina, keisar Karl V av Det tysk-romerske riket, på statsbesøk til England og dronninga oppmoda kongen inntrengande om å få ein allianse med han, i staden for med Frankrike. Kort tid etter at keisaren forlét England følgde dronninga kong Henrik til Frankrike for å vitja Frans I av Frankrike, ei hending kjend som Camp du Drap d’or, engelsk Field of Cloth of Gold, det vil seia «Gullbrokadeleiren». Likevel vart det to år etter erklært krig mot Frankrike, og keisaren var igjen velkomen i England der det vart lagt planar om å forlova han med dottera til Henrik og Katarina, prinsesse Mary.

. . . Katarina av Aragón . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Katarina av Aragón . . .

Previous post Lou Marini
Next post Ølbolle