Jesidismen

Jesidismen, òg skrive jezidismen, yezidismen, yazidismen og yesidismen, eller sharfadin er ein religion frå Midtausten. Det finst ingen offisielle tal på jesidiar, ulike kjelder opererer med tal mellom 200 000 og 800 000. Dei fleste lever i Irak, men også i Syria, Tyrkia, Iran, Georgia, Armenia og elles i diasporasamfunn.

Fil:Tausi Malek.jpg
Påfuglengelen Melek Tawus er fokus i jesidisk mytologi

Jesidiane har vorte studert med interesse av orientalistar, i stor grad på grunn av at utanforståande har skildra dei som djeveldyrkarar. Denne forståinga finn ein også i bøker innan vestleg populærkultur.

. . . Jesidismen . . .

Sheik Adi sitt gravmæle i Lalish

Jesidismen sitt opphav er uklart. Islamske kjelder nemner religionen så tidleg som i det fjortande hundreåret, men nokre akademikarar trekkjer koplingar mellom jesidismen og mithraisme, zoroastrisme og andre gamle religionar i Iran og Levanten.

I religionsvitskapen vert namnet jesidisme ofte knytt til kalifYazid I (Yazid bin Muawiyah). Jesidiane ærer både profeten Muhammed og sufimystikaren sjeik Adi ibn Mustafa, ein etterkomar av umajadane som vert rekna som opphavsmann for fleire av jesidismen sine heilage tekstar, og ikkje sjeldan som religionen sin stiftar. Jesidismen vert sett på som ei synkrenistisk tru, eit resultat av at tilhengjarar av den sufistiske adawija-ordenen har teke opp element frå lokal tru. I tillegg til islam vert jesidismen rekna å ha teke opp i seg element frå blant anna kurdisk mytologi, manikeisme, jødedom og kristendom.

Yesidier i Jebel Sinjar i Irak, nær grensa til Syria (ca. 1900).

Andre moglege tolkingar av jesidismen sitt namn er at det kjem frå yazata, yezdan eller ezid, som tyder gud eller guddommeleg skapning.

. . . Jesidismen . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Jesidismen . . .

Previous post Raudnebbterne
Next post Benin