Guitar Slim

Eddie Jones (10. desember 19267. februar 1959)[1] betre kjend som Guitar Slim, var ein New Orleans-bluesgitarist i 1940- og 1950-åra. Han var mest kjend for den millionseljane songen «The Things That I Used to Do», produsert av Johnny Vincent for Specialty Records.[2] Songen er oppført på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll.[3] Slim hadde stor innvernad på rock and roll og eksperimenterte med forvrengde overtonar frå den elektrike gitaren eit heilt tiår før Jimi Hendrix.[4]

Guitar Slim
Fødd 10. desember1926(1926-12-10)
Fødestad Greenwood, Mississippi, United States
Død 7. februar1959 (32 år)
Dødsstad New York City i USA
Fødenamn Eddie Jones
Opphav USA
Aktiv 19501959
Sjanger Blues, elektrik blues, New Orleans-blues, R&B, rock and roll
Instrument Gitar, elektrisk gitar, vokal
Plateselskap Imperial
Verka som Musikar

. . . Guitar Slim . . .

Jones var fødd i Greenwood i Mississippi.[5] Mora døydde då han var fem og han voks opp hos bestemora. I tenåra arbeidde han på bomullsåkrane og fritida brukte han på platebulene der han stundom song eller dansa. Han var god nok som dansar til at han fekk kallenamnet «Limber Leg».[6]

Etter å ha kome attende frå militærteneste i andre verdskrigen, byrja han å spele på klubbar kring New Orleans i Louisiana. Bandleiaren Willie D. Warren introduserte han for gitaren. Han var særleg inspirert av T-Bone Walker og Clarence «Gatemouth» Brown.[5] Kring 1950 byrja han å bruke scenenamnet Guitar Slim og vart kjend for dei ville framføringane sine. Han gjekk med lyse dressar og farga håret sitt lyst for matche dei. Han hadde ein assistent som følgden han kring publikum med ein opp til 120 meter lang leidning mellom gitaren og forsterkaren,[7] og sat stundom på skuldrene til assistenten eller tok til og med gitaren med seg utafor klubben og fekk trafikken til å stoppe opp.[8][9] Lyden hans var uvanleg – han spelte gitaren sin med forvrenging meir enn eit tiår før rockegitaristane gjorde det same, og den gospelaktige røysta hans gjorde han lett å kjenne att.[10]

Han spelte stundom i lag med Muddy Waters i Los Angeles i California på somme konsertar.[11]

. . . Guitar Slim . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Guitar Slim . . .

Previous post Ryfast
Next post Musikkgruppa Egg