
Det mongolske riket
Det mongolske riket (mongolskMongolyn Ezent Güren, mongolsk kyrilliskМонголын эзэнт гүрэн) var til mellom 1200- og 1300-talet, og var det nest største riket i historia etter det britiske imperiet.[4] Riket oppstod på dei sentralasiatiskesteppene, og spreidde seg frå Sentral-Asia til Japanhavet og Stillehavet, sørøstover inn i Kina, nordover inn i Sibir, sørvestleg inn i det iranske høglandet, og vestover inn i Levanten og dei ukrainske og russiske steppene. Riket varte frå 1206 til 1368. På det største strekte det seg over 35 millionar km² og omfatta meir enn 100 millionar menneske. På høgda si strekte riket seg frå Sibir i nord til Vietnam og Omanbukta i sør og frå Korea i aust til Polen i vest.[5]
Mongolriket sameinte ulike mongolske nomadestammar under ein khan, Djengis Khan, som blei erklært herskar over alle mongolar i 1206. Under Djengis Khan og etterkomarane hans voks riket kraftig ved hjelp av invasjonar i alle retningar. Det enorme transkontinentale riket knytta aust og vest saman gjennom den mongolske freden, og førte til at handel, teknologi, varer og ideologier spreidde seg på tvers av Eurasia.
Riket byrja å vakla då Djenghis Khan sine barnebarn blei usamde om kongerekka skulle gå gjennom sonen hans Ögödei eller andre av sønene hans som Tolui, Dsjagatai eller Jotsji. Tilhengjarane til Tolui vann etter ein blodig maktkamp, men usemja fortsette. Etter at Möngke Khans døydde valde rivaliserende kurultai – mongolske råd – ulike etterfølgjarar, brørne Ariq Böke og Kublai Khan, som ikkje slost seg i mellom gjennom Tolui-borgarkrigen, men fortsette å møta motstand frå andre etterkomarar av Djengis Khan. Kublai Khan kom sigrande ut av maktkampen, men splittinga fortsette då Kublai utan hell forsøkte å gjenoppretta kontroll over Ögödei– og Tsjatagai-fraksjonane. Det førte til at Kublai Khan formelt stod som den øvste khanen av mongolriket som herskar over Mongolia og Kina, medan 3 av brørne hans styrte kvar sin del av riket som khanar i sin eigen rett.
Slaget ved Ayn Jalut i 1260 markerer den største utbreiinga til riket, men var også det første tapet mongolane hadde på slagmarka. Sjølv om mongolane sende fleire invasjonsstyrkar inn i Levanten, utførte raid og plyndringstokt så langt vest som Gaza, og vann eit avgjerande slag ved slaget ved Wadi al-Khazandar, trekte dei seg ut av regionen av geopolitiske årsaker i 1299.
Då Kublai Khan døydde i 1294 sprakk Mongolriket opp, og dei 4 khanata blei ståande som fire sjølvstendige khanat eller rike: Den gylne horden i nordvest; Dsjagatai-khanatet i vest; Ilkhanatet i sørvest; og Yuan-dynastiet med hovudsete i dagens Beijing i aust. Yuan-dynastiet blei styrta i 1368 og etterfølgd av Ming-dynastiet. Etterkomarane til Djengis fortsette å styra Mongolia etter at riket fall.
. . . Det mongolske riket . . .
Mongolriket blei kalla «Ikh Mongol Uls» (ikh: stor, uls: stat – ergo «Den store mongolske staten»). I 1240-åra skreiv Güyük Khan eit brev til pave Innocens IV der han refererte til staten som Dalai (store/oseaniske) Khagan av den store mongolske staten («ulus»).
Etter arvefølgjekrigen mellom Kublai og broren hans Ariq blei makta til Kublai avgrensa til den austlege delen av riket. Kublai erklærte seg som kinesisk keisar og kunngjorde gjennom eit keisarleg edikt den 18. desember 1271 det nye namnet på landet: «Store Yuan» («Dai Yuan», eller «Dai Ön Ulus»). Visse kjelder hevdar at det fulle mongolske namnet var «Dai Ön Yehe Monggul Ulus».
Temüdsjin, seinare best kjend som Djengis Khan, var stamfaren til alle herskarane av Mongolriket og Yuán-dynastiet. Han var son av Yesügei, stammehøvding for kiyadane — ein av dei mange stammane i det oppsplitta Mongolia. I ung alder mista han faren, somblei vart forgifta av menn frå ein rivaliserande stamme. Temudsjin voks deretter opp i usle kår med mora og søskenet sitt; etter at Yesûgei var død blei familien ignorert og overlaten til seg sjølv. Men Temudsjin hadde arva viljestyrken og evnene til far sin, og i vaksen alder lykkast det han å samla fleire stammar rundt seg i kampen mot fiendane sine. Etter mange års borgarkrig sigra Temüdsjin, og tok herskartittelen Wang Khan. Han utarbeidde og fekk skrive ned ein lov for alle mongolar, kalla Jassa, og kravde at denne blei følgd til punkt og prikke.
Temüdsjin følgde opp med angrep på andre stammar i området og utvida stadig makta si. Ved hjelp av ein kombinasjon av diplomati, organisasjonsevne, militær dugleik og brutalitet klarte han det nær utenkelege, å sameina alle dei mongolske stammane til eitt folk. Under eit khuriltai (eit rådsmøte for dei mongolske høvdingane) blei han gjeven tittelen «allherskaren» (Djengis Khan).
. . . Det mongolske riket . . .