
Burganfeltet
Det enorme Burgan-feltet er eit oljefelt i ørkenen søraust i Kuwait. Burgan-feltet kan òg syne til Stor-Burgan — ei gruppe på tre nærliggande felt, som omfattar sjølve Burgan-feltet, og dei mykje mindre felta Magwa og Ahmadi. Stor-Burgan er det største oljefeltet i sandstein i verda, og det nest største totalt, etter Ghawar.
. . . Burganfeltet . . .
Olje som naturleg har sive ut i overflata over Burgan-feltet, har vore kjend for menneske sidan steinalderen. Bituminøse stoff frå sivbåtar er funne i As-Sabiyah/Nord-Kuwait og er datert attende til 5000 fvt. Dette er spora attende til dette området.[1] Det underjordiske reservoaret vart oppdaga i februar 1938. Det amerikansk-britiske Kuwait Oil Company byra kommersiell oljeproduksjon i Burgan i 1946.[2]
Stor-Burgan, det større området kring Burgan, er det største sandsteinsoljefeltet i verda med eit totalt areal på kring 1000 km². Det omfattar tre mindre feltet: Sjølve Burgan (500 km²), Magwa (180 km²) og Ahmadi (140 km²).[2][3] Strukturen i Burgan-feltet er ein salforma dom med ellipse form og kryssa av fleire radielle forkastingar.[4] Både Magwa og Ahmadi ligg på mindre domar nord for Burgan [5]
Olja ligg i fire lag frå krit-tida.[4][2]
Det totale potensiale oljereserven i Burgan er estimert til mellom 66 og 75 milliardar fat olje, i tillegg til kanskje 2 billionar kubikkmeter naturgass.[5] Bloomberg har estimert at dei gjenverande reservane er 55 milliardar fat i 2005.[6] Akkumulert produkksjon frå 1996 var estimert til kring 28 milliardar fat olje.[4]
Produksjonskapasiteten til Burgan var på 1,7 millionar fat olje i 2005. Det var det fjerde mest produktive oljefeltet i verda i 2013.[7] Dette var lågare enn det hadde vore tidlegare. Det nådde eit høgdepunkt i 1972 med 2,4 millionar fat olje.[4] I 2005 estimerte Kuwait Oil Co. at det attverande levetida til Burgan var 30 til 40 år med ein produksjonsrate på 1,7 millionar fat per dag.[6][7]
I 2010 sa direktøren i Kuwait Oil Company at Burgan produserte kring halvparten av olja frå Kuwait.[5]
. . . Burganfeltet . . .