Argentinsk litteratur

Argentinsk litteratur er rekna blant dei viktigaste av all litteratur skriven på spansk. Han er representert med verdskjente forfattarar som José Hernández, Jorge Luis Borges, Manuel Puig, Julio Cortázar og Ernesto Sábato. Akkurat som andre sider ved argentinsk kultur, har litteraturen i Argentina alltid vore sterkt påverka av Europa og då med spesiell innverknad frå Spania og Frankrike.

Jorge Luis Borges (1899-1986)
José Hernández (1834-1836)

. . . Argentinsk litteratur . . .

Starten på den argentinske litterære tradisjonen kan førast tilbake til rundt år 1550 med Matías Rojas de Oquendo og Pedro González de Prado. Begge var frå Santiago del Estero, den første busetnaden av ein viss storleik i Argentina, og begge skreiv prosa og poesi.

I følgje Carlos Abregú Vyrreira var dei utvilsamt inspirert av munnleg innfødd poesi frå folkegruppeneluler, juríer, diaguitaer og tonocotéer. Langsamt oppstod det ein symbiose mellom dei spanske og dei innfødde tradisjonane og det vart skapt ein eintydig litteratur geografisk avgrensa av nordlege og sentrale Argentina med eit senter i provinsen Córdoba. Denne avgrensinga galdt inn på 1700-talet. Det er to namn som skil seg ut i denne perioden: Gaspar Juárez Baviano og Antonia de la Paz y Figueroa, kjent som «Beata Antula». Innanfor poesien er Luis de Tejeda rekna som den første argentinske diktaren. Han var elev av Góngora.

Ettersom den økonomiske veksten kom i hamneområde, kom også den kulturelle aksen til å flytte seg mot aust, litt etter litt. Den litterære kolonitida (visekonge-klassisismen, barokken og epikken) voks opp oppglødd av fridomsrørsla med Vicente López y Planes, Pantaleón Rivarola og Esteban de Luca.

Frå Buenos Aires, 1852-1854

Brotet med spansk tradisjon kom til å gje plass til den franskeromantikken som rydda vegen for ein retur til populære røter og til fortida i mellomalderen. Det gav høve til framveksten av den første lokale realistiske forteljinga El Matadero (Slaktehuset), og for diktet La Cautiva (Fangen) med pampasen som scene, begge verk av Esteban Echeverría.

José Mármol publiserte den første argentinske romanen, Amalia midt på 1800-talet. Poesien i samtida mista den friske krafta si og vende seg mot det anekdotiske og sentimentale:

  • Carlos Guido y Spano og Ricardo Gutiérrez, krønikerskrivarar og skrivarar av tradisjonslitteratur;
  • Vicente Fidel López, Lucio V. Mansilla og Juana Manuela Gorriti; og
  • dei historiske Bartolomé Mitre og Domingo F. Sarmiento.

. . . Argentinsk litteratur . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Argentinsk litteratur . . .

Previous post Musikkgruppa Egg
Next post Aktin