Tsjernivtsi

Tsjernivtsi (ukrainsk skrift Чернівці́, rumenskCernăuți) er ein by sørvest i Ukraina, ved den øvre leia til elva Prut. Tsjernivtsi er det administrative senteret i Tsjernivtsi oblast (provins) – den nordlege, ukrainske delen av den historiske regionen Bukovina. Byen har kring 240 000 innbyggjarar (2001).[3]

Tsjernivtsi
ukrainsk Чернівці,rumensk Cernăuți
by
Teateret i Tsjernivtsi
flagg
våpen
Kallenamn: Vesle Wien[1][2]
Land  Ukraina
Oblast Tsjernivtsi oblast
Kommune Tsjernivtsi bykommune
Del av Chernivtsi Raion
Høgd 248 moh.
Koordinatar 48°18′0″N25°56′0″E
Areal 153 km²
Folketal 240 600 (2001[3])
Folketettleik 1 573 / km²
Først nemnd 1408
  grunnlagd 2 1300-talet
Borgarmeister Mykola Fedoruk
Tidssone EET (UTC+2)
  Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 58000
Retningsnummer +380 372

Tsjernivtsi
48°17′27″ N25°56′4″ E
Wikimedia Commons: Chernivtsi
Nettstad: http://www.city.cv.ua/

I lag med byen Lviv vert Tsjernivtsi rekna som eit kulturelt senter i det vestlege Ukraina. Historisk sett var Tsjernivtsi derfor kalla «Vesle Wien».[1][2] Byen er òg eit stort trafikknutepunkt for veg og jernbane og husar ei internasjonal lufthamn.

. . . Tsjernivtsi . . .

I tillegg til det ukarainske namnet Tsjernivtsi har byen ulike namn på andre språk som har blitt brukt av desse språkgruppene gjennom tidene: Rumensk Cernăuți, tysk og jiddisch Czernowitz, polsk Czerniowce, ungarsk Csernovic, russisk Черновцы́, Tsjernovtsy (til 1944 Чернови́цы, Tsjernovitsy).[4]

Tsjernivtsi ligg i den historiske regionen Bukovina, som òg strekkjer seg inn i Romania i sør. Byen ligg 248 meter over havet og er omgjeve av skogar og sletter. Elva Prut renn gjennom byen.

Klima

Klimadata for Tsjernivtsi
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 15.3 21.3 24.6 30.7 33.5 35.6 37.4 37.7 36.3 31.0 23.8 17.9 37,7
Normal maks. temp. °C 0.1 1.7 7.2 14.5 20.4 23.1 25.1 24.6 19.6 13.8 6.1 0.9 13,1
Døgnmiddeltemp. °C -2.9 -1.8 2.7 9.2 14.9 18.0 19.8 19.1 14.3 8.8 2.6 -1.9 8,6
Normal min. temp. °C -5.7 -4.7 -0.9 4.6 9.8 13.3 15.1 14.4 9.9 4.9 -0.2 -4.4 4,7
Kulderekord °C -30.7 -29.0 -20.7 -13.6 -2.0 3.0 7.4 3.4 -4.4 -9.7 -17.5 -28.0 −30,7
Nedbør (mm) 26 30 32 47 75 88 97 75 50 36 32 33 621
Normal mengd nedbørdagar 7 7 11 16 17 18 15 13 13 13 12 9 151
Kjelde: Pogoda.ru.net[5]

. . . Tsjernivtsi . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Tsjernivtsi . . .

Previous post Yang Jia
Next post Ficedula