The Misunderstood

The Misunderstood var eit psykedelisk rock-band frå Riverside i California i midten av 1960-åra. Bandet flytta til London tidleg i karrieren, og sjølv om dei berre spelte inn ein neve songar før dei vart oppløyste, vert dei rekna som særs viktig i den då gryande sjangeren.[1][2]

The Misunderstood

The Misunderstood i London – 1966
Opphav Riverside i California i USA
Aktiv 1963–69, sporadisk etter det
Sjanger psykedelisk rock, bluesrock, garasjerock
Tilknytte artistar The Influence, Juicy Lucy, High Tide
Plateselskap Fontana (Storbritannia), Cherry Red (Storbritannia), Ugly Things (USA)
Medlemmer Rick Brown
Glenn Ross Campbell
Tony Hill
Rick Moe
Greg Treadway
Steve Whiting
George Phelps
–1969 besetning–
Glenn Campbell
Steve Hoard
David O’List
Chris Mercer
Guy Evans
Nic Potter
Ray Owen

Magasinet Creem skreiv i september 2004: «Soga om The Misunderstood er ein av dei mest utrulege, hjarteskjerande og usannsynlege i heile rockehistoria.»

Classic Rock skreiv i juni 2010: «Sanninga er at dette bandet var så langt ute på eiga hand, så individuelle og nyskapande at du kan byrje å lure på omstenda som hindra dei frå bli det ikoniske namnet dei burde blitt.»[3]

. . . The Misunderstood . . .

Bandet byrja i 1963 som eit av mange garasjeband skipa i USA etter den britiske bølgja. Dei flytta til London i 1966 med hjelp av manageren deira, John Peel, som seinare vart kjend som DJ på BBC Radio. I Storbritannia henta dei inn engelskmannen Tony Hill på rytmegitar.[4] Hill og songaren Rick Brown skreiv songar i lag,[5] i tillegg til at bassisten Steve Whiting var involvert i nokre av songane deira.

Bandet var inspirert av og ofte samanlikna med The Yardbirds og i 2004 vart dei kalla «the American Yardbirds» av Rolling Stone.[6] Bandet brukte mellom anna steelgitar, spelt av Glenn Ross Campbell og ein nyskapande gitarstil av Whiting, som brukte slide, fuzz og forvrenging.

Fontana Records introduserte bandet med fire songar som vart spelte inn live i Philips Studios i London. Britisk media var positive,[5] men Campbell, Whiting og Moe måtte så til Europa for å ordne dei britiske visuma og arbeidsløyva sine, medan Brown måtte attende til California for militærteneste.

I London gav dei ut den andre singelen sin, «I Can Take You to the Sun», før dei vart tvunegn til å oppløysast. Dei hadde berre spelt inn sju spor i London.

Trass i så få innspelinga, reknar mange musikarar dei som viktige pionerar innan acid rock.[7]Head Heritage skreiv i 2006 at «Materialet til The Misunderstood strekkjer seg langt utafor perioden då dei vart laga. Dei usedvanlege avanserte spora på side ein frå 1966 syner at dei var eit av dei tidlegaste og mest originale banda innan psykedelisk rock[8]

The Misunderstood var kjend for å vere blant dei første som nytta lysshow på konsertane sine. Campbell lodda ein gitarleidning til ein billyspære og plugga dette inn i kvar forsterkar på scenen. Denne enkle ideen skapte ein visuell musikk, der lyset responderte i samsvarer med det han spelte på gitaren. Seinare utvikla dei meir avanserte, fleirfarga scenelys.[9]

John Peel kjempa for musikken til The Misunderstood gjennom heile karrieren sin. Kort tid før han døydde, sa Peel i eit intervju med Index Magazine: «Om eg hadde skrive ei liste over dei ti beste konsertane eg har sett i livet mitt, så ville The Misunderstood på Pandora’s Box i Hollywood i 1966 ha vore på lista. Herregud, dei var eit bra band!»[10][11]

  • I «Peelenium» (Greatest Songs of the 20th Century) førte John Peel opp songen «I Can Take You to the Sun» for 1966.[12]
  • «I Can Take You to the Sun» låg på sjetteplassen på Record Collector si liste i boka «100 Greatest Psychedelic Records», ei liste som var i kronologisk rekkjefølgje.[13][14][15][16]
  • Mojo April 2009 – I lista «I Can See For Miles: A-Z» var The Misunderstood oppført for «M».[17]

. . . The Misunderstood . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . The Misunderstood . . .

Previous post Jon Tolaas
Next post Skal vi danse