The Idiot

The Idiot er debutalbumet til rockesongaren Iggy Pop som soloartist. Det var det første av to album han gav ut i 1977 og som han skreiv og spelte inn i samarbeid med David Bowie. Sjølv om det kom ut etter Low, det første albumet i den såkalla Berlintriologien til Bowie, byrja paret å skrive og spele inn songar for The Idiot midtvegs i 1976, før Bowie starta arbeidet med sine eigne album. Bowie gav òg ut to album i 1977, som var eit særs fruktbart år for han. Slik sett er det The Idiot som uoffisielt starta Berlin-perioden til Bowie,[4] og er særleg samanlikna med Low og “Heroes” med sine elektroniske effektar, handsama instrumentlydar og innadvendte atmosfære.[5][6] Det var eit steg til sides frå hardrocken til det tidlegare bandet til Pop, The Stooges, og vert av kritikarane rekna som noko av det beste Pop har gjort, men generelt ikkje som særleg representativt for karrieren hans. Tittelen var inspirert av Dostojevskij-romanen Idioten.[7]

The Idiot
Studioalbum av Iggy Pop
Utgjeve 18. mars 1977
Innspelt Juli – august 1976
Studio Château d’Hérouville
(Hérouville i Frankrike)
Musicland Studios
(München i Tyskland)
Hansa Studio 1
(Berlin i Tyskland)
Sjanger
Lengd 38:49
Selskap RCA Records
Produsent David Bowie
Iggy Pop-kronologi
The Idiot Lust for Life
(1977)
Singlar frå The Idiot
  1. «Sister Midnight»
    Utgjeve: Februar 1977
  2. «China Girl»
    Utgjeve: Mai 1977

. . . The Idiot . . .

Opningssporet på albumet, «Sister Midnight», vart skriven av Bowie, Pop og gitaristen Carlos Alomar, og framført på Station to Station-turneen tidleg i 1976. I juli same året, mot slutten av turneen, slo Bowie og Pop seg ned i Château d’Hérouville, same stad som Bowie hadde spelt inn Pin Ups i 1973, og snart skulle spele inn mykje av Low, og byrja å setje saman resten av songane som sidan vart. Ved Château’et hadde dei med seg Laurent Thibault på bass og Michel Santageli på trommer, som fekk beskjed, utan særleg rettleiing, å legge på akkompagnement på lydbanda til Bowie. Det første forsøket deira vart ofte nytta i den endelege miksen.[7]

Innspelinga heldt fram i august i Musicland i München med gitarist Phil Palmer, som fann det kreative samarbeidet med Pop og Bowie stimulerande men forurolegande, og såg dei aldri i studio på dagtid («Vampyrsk var det perfekte ordet», sa han seinare).[7] Det vart lagt på ekstra spor av den vanlege rytmeseksjonen til Bowie med Carlos Alomar, Dennis Davis og George Murray, samt ein endeleg miks av Tony Visconti, i Berlin ved Hansa Studio 1 (ikkje, som ofte feilaktig sagt, det større Studio 2 ved Berlinmuren).[7] Sidan lydbanda nesten hadde ein demokvalitet, var etterproduksjonen i følgje Visconti «meir ein redningsjobb enn kreativ miksing».[8]

På grunn av dei fleirtydige og stundom manglande oppføringane på kven som medverka til albumet, har det oppstått mange mistydingar om kven som medverka i løpet av åra. Det er vanlegvis trudd at Pop skreiv tekstane, medan Bowie skreiv musikken, og stemmer nokså bra, men stundom skifta dei posisjon, og noko musikk (som «Dum Dum Boys») vart skriven av Pop og noko tekst (mellom anna første verset av «Sister Midnight») var skriven av Bowie.[4] Biletet på plateomslaget var inspirert av Erich Heckel sin Roquairol, og vert ofte rekna for å vere teken av Bowie, men vart i røynda teken av Andy Kent.[8][9] Det står ikkje kven som spelar kva på omslaget, noko som har ført til spekulasjonar om kven som medverka,[5] men nyare etterforsking av Hugo Wilcken, Paul Trynka og Nicholas Pegg har gjeve ei liste over kven ein meiner medverka.[4][7][9]

. . . The Idiot . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . The Idiot . . .

Previous post Svein Tjugeskjegg
Next post Blackout av David Bowie