Svein Tjugeskjegg

Svein Tjugeskjegg (kring 9603. februar 1014) var konge av Danmark ca 9861014 og konge av England10131014.

Svein I Tjugeskjegg

Svein Tjugeskjegg (Sweyn Forkbeard) som dekor på Swansea Guildhall i Wales (ferdig 1934). Det er ein teori om at namnet på byen Swansea skriv seg frå «king Sweyn», og at det truleg har utvikla seg frå ein kombinasjon av namnet Sweyn og det norrøne ordet ey (øy).
Konge av Danmark og England
Periode Danmark: 986–1014
England: 1013–1014
Fødd ca. 960
Fødestad Danmark
Død 3. februar1014
Dødsstad Gainsborough i Lincolnshire
Mor uviss
Far Harald Blåtann
Ektefelle Gunhild av Polen
Sigrid Storråde
Barn Estrid Margarete Sveinsdatter, Gyda Sveinsdatter, Świętosława, Gunhilda Sveynsdottir, daughter Sveynsdottir, Santslaue Sveynsdottir, Thyra Sveynsdottir, Harald Sveinsson, Knut den mektige
Far Harald Blåtann
Mor uviss

. . . Svein Tjugeskjegg . . .

Det norske tilnamnet «Tjugeskjegg» (norrønt: tjúguskegg)[1] tyder delt eller kløfta skjegg og viser til at han hadde lange mustasjar som hang ned og likna på ein høygaffel. I Danmark blir han kalla Svend Tveskæg, eller Svend I av Danmark. I Den angelsaksiske krønika er han kalla Swegen og i seinare engelske kjelder er han oftast kalla Sweyn eller Swein Forkbeard. Han skal ha blitt døypt av keisar Otto II og vart då gitt dåpsnamnet Sveinotto (i følge Adam av Bremen kap.5), eit namn som han truleg aldri nytta.

Han var son til kong Harald Gormsson (Blåtann). Vi har berre usikre kjelder om kven som var mor hans; i Knytlingesaga blir det sagt at han var uekte fødd og at den danske hovdingen Palnatoke var fosterfar hans. I Jomsvikingsoga er det òg lagt til at mor hans var ei bondekvinne som vart kalla Saum-Æsa. Kong Harald hadde fleire koner, Tove (Tófa) dotter til den polske fyrsten Mistivoj, Gunnhild (iflg Adam av Bremen) og Gyrith (iflg Saxo) men det er uvisst om nokon av dei var mor til Svein Tjugeskjegg. Svein hadde fleire sysken, mellom dei systera Gunnhild (sjå nedanfor).

Omkring år 980 vart Svein Tjugeskjegg truleg gift med ho som blir kalla Gunnhild av Polen (Świętosława), dotter til hertug Mieszko i Polen[2]. Med henne fekk han borna Gunnhild (Santslaue), Harald og Knut og kanskje Gyda. Omkring år 997 skilde han seg frå henne og sende henne attende til Polen[Note 1], truleg til bror hennar Boleslaw (han vart seinare den første kongen i Polen). Han gifte seg deretter med Sigrid, ho som blir kalla Storråde (etter Snorre var ho dotter til Skogul-Toste). Ho var då enka etter kong Eirik Sigersæl og mor til Olof Eiriksson (Skötkonung). Med henne fekk han dottera Estrid Margarete som var mor til kong Svein Estridsson og dermed vart stammor til den danske kongsætta «Æstrid-ætta».

Dottera Gyda vart gift med Eirik Håkonsson Ladejarl, og gjennom henne vart kong Svein Tjugeskjegg bestefar til Håkon Eiriksson Ladejarl.
Dottera Gunnhild vart truleg gift med «Wyrtgeorn» konge av «Windi», slik det er nemnt to stader i «Chronicle of Florence of Worcester» (sjå kjelder).
Harald Sveinsson vart dansk konge frå 1014 til han døydde i 1018[3].
Knut Sveinsson vart dansk konge i tida 1018–1035 og engelsk konge (Knut den store) i tida 1016–1035[4].

. . . Svein Tjugeskjegg . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Svein Tjugeskjegg . . .

Previous post Den kamkeramiske kulturen
Next post The Idiot