Oslo domkyrkje

Oslo domkyrkje, tidlegare Vår Frelsars kyrkje er ei krosskyrkje ved Stortorget i Oslo sentrum. Ho stod ferdig i 1697, er hovudkyrkje for Oslo bispedøme og kyrkje for Oslo domkyrkjes kyrkjelyd. Kyrkja er òg rikskyrkje i Noreg kor kongehuset og staten bruker kyrkja ved offisielle hendingar, som vigslar og gravferder.

Plasseringa til Oslo domkyrkje

For andre kyrkjer med namnet Vår Frelsars kyrkje, sjå Vår Frelsars kyrkje.

Oslo domkyrkje
domkyrkje
Land  Noreg
Fylke Oslo
Kommune Oslo
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Oslo Domprosti
Sokn Sentrum og St. Hanshaugen
Type Krosskyrkje
Periode Barokk
Arkitekt Moglegvis ingeniøroffiser
Anthony Coucheron
eller Jørgen Wiggers
Innvigd 7. november 1697
  Vigd til Vår frelsar
  Byggjeår 7. november 1697
  Endringar Hovudreparasjon på midten av 1770-talet
1848–1850 ved Alexis de Chateauneuf
1948–1950 ved Arnstein Arneberg
Omfattande restaurering 2006–2010 ved Marianne Gulliksen
Tårn Aksialt plassert tårn
Klokker Fem klokker
Kyrkjegard Nedlagd i 1808
Preikestol Laga av ein nederlandsk meister på slutten av 1600-talet
Døypefont Laga av Torsten Ottersen Hoff eller Lars Sivertsen i 1721. Døypefat i sølv frå Hellig Trefoldigheds kyrkje
Altartavle Laga av den same som står bak preikestolen og Lars Sivertsen
Orgel Tre orgel av Ryde & Berg Orgelbyggeri. Hovudorglet har fasade av Lambert Daniel Kastens. Kororglet har fasade av Ulf Oldæus
Sitjeplassar Ca. 900
Diverse Sakristi frå 1699
Takmåleri av Hugo Lous Mohr
Glasmåleri av Emanuel Vigeland, Borgar Hauglid og

frå St. Ouen-kyrkja i Rouen
Sølvskulpturen «L’ultima Cena» av Arrigo Minerbi
«Maria med barnet» av Turid Angell Eng
Bronserelieffar på inngangsdøra av Dagfin Werenskiold
Korstolar av Ulf Oldæus


Oslo domkyrkje
59°54′44″ N10°44′49″ E
Wikimedia Commons: Oslo Domkirke

Kyrkja endra namn frå Vår Frelsars kyrkje til Oslo domkyrkje i høve 900-årsjubileet til Oslo by i 1950.[1][2]

Noverande Oslo domkyrkje er den tredje domkyrkja i Oslo. Bygget vart reist som erstatning for Hellig Trefoldigheds kyrkje, som i si tid hadde erstatta Hallvardskatedralen. Oslo domkyrkje er delvis bygd av materiale frå dei tidlegare kyrkjene.

Oslo domkyrkje har gjennomgått omfattande endringar opp gjennom åra. Dei viktigaste er ombygginga på 1850-talet, under leiing av arkitekt Alexis de Chateauneuf med Heinrich Ernst Schirmer som byggeleiar, og restaureringa til Arnstein Arneberg fram mot 900-års jubileet i 1950.

. . . Oslo domkyrkje . . .

Den første domkyrkja i Oslo var Hallvardskatedralen ved Oslo torg i Gamlebyen. Ho vart bygd under kong Sigurd Jorsalfare i første halvdel av 1100-talet. Kyrkja vart bygd i romansk stil, og utvida fleire gonger i gotisk stil. I nesten 500 år var dette den viktigaste kyrkja i byen. Ruinar etter kyrkja finn ein i Ruinparken i Gamlebyen. Synste del av St. Halvardskatedralen ligg under betonglokk som vart laga då Bispegata, på 1960-talet, vart utvida mot aust. Ruinparken strekte seg opphavleg lengre sørover.

«Djevelen frå Oslo», relieff frå Hallvardskatedralen murt inn i tårnfoten på Oslo domkyrkje.

Foto: Västgöten

I 1624 brann Oslo, og kong Kristian IV gav ordre om at byen skulle flyttast til vestsida av Bjørvika, slik at han kunne kome under betre vern frå Akershus festning. Hallvardskyrkja var relativt uskadd og gjorde nytte som domkyrkje i det nye Christiania. Men kyrkjevegen var lang og vanskeleg. Så i 1632 tok ein til å bygge ny domkyrkje ved torget i den nye byen. Den nye domkyrkja, som fekk namnet Hellig Trefoldigheds kyrkje, vart noko skadd under bybrannen i 1686. Militære styresmakter kravde at kyrkja skulle rivast, fordi ho låg for nær Akershus festning. Då byvollane samstundes vart nedlagde, vart det vedteke å bygge ei ny domkyrkje utanfor bygrensa, den tredje i rekka.[3][4]

. . . Oslo domkyrkje . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Oslo domkyrkje . . .

Previous post Liverpool
Next post Fjell i Noreg