IL i BUL

Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo (IL i BUL) er eit særlag i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL, Oslo) som blei stifta 8. januar1913.

Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo
Type Friidrett
Skisport
Skipa 8. januar1913
Hovudkontor Rosenkrantz’ gate 8, Oslo
Nettstad http://idrottslaget.bul.no

IL i BUL har idrettsgrupper innan friidrett, skisport og BVT (Ball – Vatn – Trim for psykisk utviklingshemma), tidlegare også skøyter, fotball, handball og orientering.

. . . IL i BUL . . .

IL i BUL er ein av Noregs leiande friidrettsklubbar. Klubben sine medlemer har hevda seg i mange nasjonale og internasjonale meisterskap, kongepokalar og æresprisar. Klubben har også mange NM-titlar i stafett og gode plasseringar i Holmenkollstafetten.

IL i BUL har vunne ni Noregsmeisterskap-titlar i stafett for menn (i perioden 19611978) og 3 NM-titlar for kvinner (1976, 2012 (lagsprint) og 2014 (lagsprint)) og er med det mestvinnande klubb for menn. Odd Martinsen deltok på alle vinnarlaga då BUL vann 7 NM-titlar i perioden 1970–1978. I 1962 blei BULs stafettlag tildelt kongepokalen – den einaste gongen kongepokalen i skiidrett er tildelt eit lag.[1]

Løparar på stafettlaga for menn som vann NM
År Springarar
1961 Alf Storelvmo, Arne Jensen, Ingmund Holtås
1962 Alf Storelvmo, Arne Jensen, Ingmund Holtås
1970 Alf Storelvmo, Odd Martinsen, Lorns Skjemstad
1972 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1973 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1974 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1975 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1976 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1978 Kristian Stensæter, Leif Jære, Odd Martinsen
Løparar på stafettlaga for kvinner som vann NM
År Løpere
1976 Birgit Øverby, Astrid Kristiansen, Grete Kummen
2012 Heidi Weng, Martine Ek Hagen
2014 Heidi Weng, Martine Ek Hagen

. . . IL i BUL . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . IL i BUL . . .

Previous post Howth
Next post Europameisterskapen på skeiser 1996