
Hn/Klanglaust barke-gnikeljod
Det klanglause barke-gnikeljodet, stundom kalla den klanglause barke-yvergangen (latin fricativa glottidalis surda, engelsk voiceless glottal fricative) er eit medljod som finst i nokre talemål og ofte ter seg anten som gnikeljod eller næmeljod fonologiskt, men som oftast vantar dei vanlege fonetiske kjennteikni på eit medljod. Teiknet ein nyttar i det Internasjonale Fonetiske Alfabetet for detta ljodet er [h], og det tilsvarande X-SAMPA-teiknet er h
. [h] er sumtid skildra som eit klanglaustsjølvljod av di han i mange mål ikkje retteleg hev dei dragi ein ventar av eit medljod. I staden kann [h], og det klangføre systerljodet [ɦ], skynast som klanglause eller ovanda utgåvor av sjølvljodi kring deim, so at medljodi sjølve berre er kjenneteikna ved stellingi på røystebandi (medan resten av talerøyri tek formi åt ljodi rundt).[1]
Sume mål, millom deim hebraisk og arabisk, hev klanglause barke-gnikeljod som retteleg kann kallast barkeljod. Det vil segja at ljodi i desse måli røynleg hev gniking eller lukking i barkeumrådet (elles kjent som røystebandi).[2]
. . . Hn/Klanglaust barke-gnikeljod . . .
Kjenneteikn på det klanglause barke-gnikeljodet:
- I nokre mål, hev det gnikingi ein kjenner frå gnikeljod. I mange, um ikkje flestalle andre mål, stend teiknet berre for ein yvergang i røystebandi, utan å vera serskilt knytt til nokor talerøyrsstelling. Det er difor ikkje uvanlegt å ikkje kalla ljodet for eit rettelegt gnikeljod. Likevel er umgripet gnikeljod enno nytta etter gamal vane.
- Ljodet kann vera frambore i røystebandi, som gjer det til barkeljod. Når ljodet ikkje hev nokor retteleg gniking, er umgripet barkeljod helder berre ei nemning på korleis snarare en kvar ljodet er laga.
. . . Hn/Klanglaust barke-gnikeljod . . .