
Fjell i Noreg
Noreg er eit land med mykje fjell over store delar av landet. Dovrefjell, Hardangervidda, Jotunheimen, Rondane og Trollheimen er mellom dei best kjende norske fjellområda.

. . . Fjell i Noreg . . .
Historisk har nordbuar brukt fjellet som beiteområde og fôrkjelde for husdyr og jaktmarker og ferdselsveg for seg sjølve. Men den norske fjellheimen blei først «oppdaga» på 1800-talet, då romantikarar frå lenger sør i Europa og norske nasjonalistiske kunstnarar fekk auga opp for det særskilde landskapet.
Vandring og skigåing i fjellet er blitt vidspreidd blant både nordmenn og utlendingar, og Den Norske Turistforening syter for merking av stiar og turisthytter over heile landet.
Norske fjell har gjeve opphav til eit rikt utval av soger og har i nyare tid inspirert kunstnarar til å skapa særleg måleri og dikt. Dei viktigaste fjellforfattarane er A.O. Vinje og Theodor Caspari, medan ei rekkje målarar har skildra fjellheimen, til dømes Harald Sohlberg med Vinternatt i Rondane.
Dei norske fjella blei hovudsakleg forma som del av den kaledonske fjellkjeda under silurtida for 440 millionar år sidan. Kollisjonen mellom urkontinenta Baltika og Laurentia førte til hevinga av dei høge fjella på Vestlandet. Under permtida for 260 millionar år sidan danna så vulkansk aktivitet i Oslofeltet lågare fjell der.
Erosjon har slipt på fjella frå dei blei danna. Han var særskild kraftig i devontida, like etter danninga av den kaledonske fjellkjeda, og under dei nylege istidene i kvartærtida.
. . . Fjell i Noreg . . .