
Europameisterskapen på skeiser 1996
Europameisterskapane på skeiser 1996 for menn og for kvinner vart avvikla i Thialf-ishallen i Heerenveen i Nederland frå fredag 19. og til sundag 21. januar. 32 menn og 24 kvinner frå 18 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Kviterussland, Latvia, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Russland, Sveits, Sverige, Tyskland, Ukraina og Ungarn.
Noreg stilte med tre menn: Eskil Ervik, Remi Hereide og Lasse Sætre. Ingen norske kvinner deltok. Best av dei norske var Ervik med ein skuffande 14. plass.
Fjorårsvinnar Rintje Ritsma frå Nederland vart meister ny, landsmennene Ids Postma og Marin Hersman fylgde på dei neste plassane. Postma vann begge dei kortaste løpa, Belgias Bart Veldkamp dei to lengste. Tysklands Gunda Kleemann forsvarte meistertittelen for kvinner, ho stod for bestetidene på dei to lengste distansane, nederlandske Annamarie Thomas gjekk fortast på så vel 500 meter som 1500 meter.
. . . Europameisterskapen på skeiser 1996 . . .
Dato: 19./21. januar
. . . Europameisterskapen på skeiser 1996 . . .