EM i friidrett 2012

EM i friidrett 2012 var den 21. europameisterskapen i friidrett. Tevlinga vart arrangert i Helsingfors frå 27. juni til 1. juli 2012; dette var om lag ein månad før Sommar-OL 2012 i London. Dei fleste øvingane gjekk føre seg på Helsingfors Olympiastadion.

Helsingfors Olympiastadion.

50 nasjonar deltok, og det vart tevla i 42 øvingar; 21 for menn og 21 for kvinner. Sidan OL skulle avhaldast same året, vart det ikkje arrangert tevlingar i kappgang eller maraton under denne europameisterskapen.

. . . EM i friidrett 2012 . . .

Beste deltakarnasjon vart Tyskland med 16 medaljar: 6 gull, 6 sylv og 4 bronse. Noreg vart nummer 9 med 4 medaljar; 1 gull, 1 sylv og 2 bronse.

Den største norske medaljevona, Andreas Thorkildsen, deltok i spydkastfinalen, men braut av grunna ein skade i låret. [1]

Plass Utøvar Land Tid
1 Christophe Lemaitre  Frankrike 10,09
2 Jimmy Vicaut  Frankrike 10,12
3 Jaysuma Saidy Ndure  Noreg 10,17
4 Harry Aikines-Aryeetey  Storbritannia 10,31
5 Serhij Smelyk  Ukraina 10,34
6 Rytis Sakalauskas  Litauen braut (SF:10,23)

Dato: 28. juni
Vind: –0,7 m/s


. . . EM i friidrett 2012 . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . EM i friidrett 2012 . . .

Previous post In the Flesh Live
Next post Liverpool