Blackout av David Bowie

«Blackout» er ein song skriven og spelt inn av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Forfattaren Nicholas Pegg skildra sporet som «typisk for den mørke, spanande lydmessige schizofrenien“Heroes”»,[1] medan biografen David Buckley skreiv om «eit akkompagnement på grensa til industriell».[2] Når det gjaldt teksten og emnet sa Bowie sjølv i 1999 at songen «faktisk syner til straumbrot. Eg kan ærleg talt ikkje sei om det var den i New York i 1977, men det er truleg at det biletet låste seg i hovudet mitt.»[3][1]

Blackout
Song av David Bowie
frå albumet “Heroes”
Utgjeve 14. oktober 1977
Innspelt Juli–august 1977
Sjanger Kunstrock
Lengd 3:50
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti

. . . Blackout av David Bowie . . .

NME-skribentane Roy Carr og Charles Shaar Murray meinte at songen hadde «overtonar av Bowie sin personlege blackout i Berlin (der han kollapsa og vart køyrd til sjukehus),» og nemnde linja «Get me to the doctor» og ein atmosfære av «desorientering, fragmentering, panikk».[4]

I følgje musikkprofessoren James E. Perrone, var denne «opprivande» songen den minst tilgjengelege på albumet, og var ein forløpar for dei eksperimentelle songane på det neste albumet til Bowie, Lodger (1979). Teksten er vanskeleg å høyre, skriv han, som følgje av etterklangen Bowie og Visconti la til.[5] Nicholas Pegg rekna at linja «Someone’s back in town, the chips are down» kan ha synt til kona til Bowie, Angela Bowie, som nettopp hadde kome til Berlin kring denne tida.[1]

Forfattaren Chris O’Leary omtalte «Blackout» som «så ru som “Heroes” blir» og «høyrest ut som eit monster». Han trekte òg samanlikningar til tidlegare songar, som «Suffragette City» frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars og «Stay» frå Station to Station.[6]

Oppkuttingsteknikken av teksten på «Blackout» var ein del av utstillinga David Bowie Is i 2013 i Victoria and Albert Museum.[7][8]

Ein konsert spelt inn under turneen til Bowie i 1978 kom ut på det andre konsertalbumet hans, Stage.[1] Denne versjonenk om ut på singel på RCA i Japan i november 1978, med B-sida «Soul Love» frå den same konserten. Eit anna konsertopptak frå 1978 kom ut på albumet Welcome to the Blackout, gjeve ut i 2018. Bowie sin introduksjon til songen var albumtittelen på dette albumet.

. . . Blackout av David Bowie . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Blackout av David Bowie . . .

Previous post The Idiot
Next post If You Leave Me Now